søndag 19. august 2012

Storøyodden, Fornebu 17. august - Strandbading og skimboarding

Vi drog på badetur saman med familien O-R m/vener.

På Storøyodden er det fine strender for dei minste, og endeleg ein sjanse for Pappa til å altfor seint starte skimboarding-sesongen. (Både seint på året, og seint i livet.) Nordsida av odden, i sundet mot Bjerkholmen, er best eigna. Det einaste som mangler er bølger å surfe tilbake til stranda på, men med dagens dugleiksnivå er ikkje det eit sakn.

Her er det mest vellukka forsøket som vart foreviga (over 90% var knall og fall):



Vis Storøyodden, Fornebu i eit større kart

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar