Ein deilig dag, og vi bada og leika oss ute på Bakken heile dagen. Vi helsar spesielt til vår trufaste lesar EB som tok årets gamlistest og stupte frå rekkverket på brygga i dag. Fortsatt ung!
Det gjekk bra å fikse badetermometeret i dag, men ikkje tids nok til å måle Oslofjorden. Av alle forslaga på denne sida var det å stikke termometeret i varmt vatn frå springen som fungerte. Når temperaturen vart høg nok vart all luft pressa til topps i termomteret, og alt såg ut som det skulle igjen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar