tirsdag 31. juli 2012

Bygdøy Sjøbad, 31. juli


Ein ny badeplass for oss. Mamma, Storesøster og Lillebror tilbrakte store deler av dagen der saman med D, M og LR. Pappa kom syklande etter jobb. Fin sand, nær parkeringsplass, flytebrygge med stupebrett. Kan anbefalast!

Vis Bygdøy Sjøbad i eit større kart

Nydalsdammen 30. juli

Vind på land, men god temperatur i vatnet. Mange andre badarar i dag.

søndag 29. juli 2012

Lutvann 29. juli


I dag prøvde vi Lutvann. Ny plass for heile familien. Vi trudde stien/veien inn på ca 1,5 km (Mammas anslag) skulle bli litt drøy for Storesøster, men med løpesykkelen gjekk det fint! Fin plass og veldig barnevennleg strand. Rullestolrampe for dei som treng det, eller dei som berre synes den er moro å leike på. Det som også gjorde turen fin var at familien H-J kom slengande!

Vis Lutvann i eit større kart

lørdag 28. juli 2012

Rustadsaga, Nøklevann 28. juli



Vi parkerte ved Skullerud skole, og rusla ein halv kilometer inn til Nøklevann v/Rustadsaga. Vi var våte før vi kom i vatnet, men vi lot ikkje litt regn dempe badegleda. Boller og vafler på Rustadsaga Sportsstue etterpå fekk stemninga opp enda eit hakk.

Vis Nøklevann i eit større kart

Hukodden 27. juli


Det er mange strender og badeplassar i området rundt Huk. Til dagens kveldsbad valgte vi ei strand med lite vind og fin sand, men som var ganske ubrukeleg å bade på. Grunt vatn og skjel og skarpe steinar gjorde sjølve badinga så som så. Men stranda er barnevenleg og det er moro å sjå på store båtar som kjører forbi.

Vis Hukodden i et større kart

torsdag 26. juli 2012

Bakken, Malmøya 26. juli - Sol sol sol

Vi gjentok suksessen og besøkte Bakken nok ein dag. Supert vêr og deilig fjord.

Det vart også tid til eit kveldsbad i Brekkedammen.

onsdag 25. juli 2012

Bakken, Malmøya 25. juli - Regn sol regn sol

Skiftande vêr på Malmøya, men alt i alt veldig bra og årets temperaturmessige höydare. Endelig ein dag der Lillebror også fekk bade!

Vi hadde også hyggelig selskap av familiane O og G, og er spesielt imponert over at også alle i G bada. Ein etter ein måtte dei resignere for varmen og kaste inn badehandkledet.

tirsdag 24. juli 2012

Bakken, Malmøya 24. juli - Krabbefiske

Endeleg ein skikkelig sommardag! Perfekt for å solbrenne nakken med strandkrabbefisking frå brygga. Vi hadde også gleda av å ha med oss LR, M og D, den badande afrikanaren.

mandag 23. juli 2012

Brekkedammen 23. juli

Tilbake i hovudstaden fekk vi med oss familien O-R på eit kveldsbad. Clas Ohlson-termometeret viser 18.5, men vi fryktar det ikkje er til å stole på lenger. Gode tips om nytt badetermometer blir mottekne med takk!

Vassetvatnet, Langevåg 22. juli



Dette er ein av våre favorittbadeplassar, men vêret inviterte ikkje til å bli for lenge. Idyllisk beliggenheit, og flott stupebrett med to nivå. Det er også mogleg å hoppe frå berget.

Vis Vassetvatnet i eit større kart

søndag 22. juli 2012

Egenmelding 2, 21. juli

Surroundlyd av regndråpar på biltaket og stereohyl frå baksetet.

lørdag 21. juli 2012

Bakkevika, Mausavatnet, Mauseidvåg 20. juli


Barnevennleg sandstrand, badebrygge og stupebrett. Berre sommartemperaturen manglar.

Vis Bakkevika, Mausavatnet i eit større kart

Torvikbukt 19. juli - Vannsportfestival

Pappa prøvde ein liten vindsurfetur i sur vind og store bølger før Mamma vart med på eit raskt bad.

onsdag 18. juli 2012

Torvikbukt 18. juli - Brrrrrrrrr

Det var kaldt!

Og nymoloen vi bada på i forgårs hadde gravemaskina stukke av med!?!

tirsdag 17. juli 2012

Torvikbukt 17. juli - Temperaturforvirring


Termometeret vårt viste 17 grader i sjøen, vêrstasjonen viste 13, og kroppen sa ca 15. Fin kveldssol var det i alle fall. Og ei takk til barnevaktene, dei er gode å ha på kveldsbad.

Vi lokka til oss to niser som dukka fram etter at vi hadde bada, kanskje på jakt etter artsfrender.

Torvikbukt 16. juli - Treningsbad


Etter ein liten joggetur tok vi eit bad på den nye moloen som er underbygging. Foreløbig ingen badeplass å anbefale på grunn av vanskeleg adkomst til sjøen.

mandag 16. juli 2012

Orsetbukta, Torvikbukt 15. juli - Nattbad


Etter ein lang biltur frå Oslo rakk vi eit nattbad i Orsetbukta i Torvikbukt før midnatt.
Mamma og Pappa fekk selskap av ein nysgjerrig mink som lurte på kva som feila oss.
I følge den lokale verstasjonen var det 14 grader i fjorden, og vi skal ikkje protestere.

Vis Orsetbukta, Torvikbukt i eit større kart

Slengtauet 14. juli - Angry Birds


Ein ny snarvisitt innom Oslo, og vi besøkte slengtauet igjen. Vatnet i Akerselva stod over ein halvmeter høgare enn normalt, det krydde av fiskeyngel og det var mykje straum i elva.
Dagens høgdepunkt var at vi for første gong i (Norge i) sommar kunne kose oss i 19 graders vatn!

Hvalrossbukta, Givær 13. juli


Siste dag på Givær testet vi Hvalrossbukta. Like kaldt som på kaia, og litt tang og tare, mao sånn som det pleier å være der.

Vis Hvalrossbukta i eit større kart

torsdag 12. juli 2012

Givær 12. juli - Lang betenkningstid

Enda et bad på Dampskipskaia. Mamma hadde tenkt å hoppe fra øverste platå i dag (hun har hoppet fra et lavere nivå de siste dagene). Hun tenkte i ca 30 min i bikini før hun gikk ned og hoppet som tidligere. Da hadde også alle tilskuerene gått hjem. Uansett hvor man hopper så er vannet under 12 grader. I morgen skal vi prøve oss i Hvalrossbukta - så følg med!

onsdag 11. juli 2012

Givær 11. juli - Hopp etter båten

I dag prøvde Pappa, saman med ein ivrig infødd, den lokale ekshibisjonistiske skikken å hoppe etter båten. Dvs å hoppe/stupe i det hurtigbåten legg frå kai. Mamma venta så lenge at det berre var familien igjen på kaia.

tirsdag 10. juli 2012

Dampskipskaia, Givær 10. juli - Nord og ned


Vi har flykta frå det regntunge sør til det solrike, men enda kaldare nord. Vi blir på idylliske og bilfrie Givær nokre dagar. Badetemperaturen er sagt å vere 12 grader, men vi har lagt att termometeret heime så vi kan ikkje med sikkerheit stadfeste dette. Mamma trur dei lokale har skrytt på seg minst ein grad.

Vis Dampskipskaia, Givær i eit større kart

Egenmelding 9. juli

Nydalsdammen 8. juli - Snarvisitt

Etter ein lang biltur frå 16 kalde sørlandsgrader gjorde det godt med ein dukkert i 17 varme oslograder. Ingen fare for heteslag under bading så langt i sommar...

søndag 8. juli 2012

Drotningviga 7. juli


Ambisjonen om å utforske Grimstads mange badeperler har vi latt ligge, til fordel for det bekvemme ved å bade i Drotningviga. Fortsatt litt kaldt i vatnet, men barnevenleg strand og kanopadling veger opp. I morgon satsar vi på eit varmare bad i Oslo.

Dagens bilde er ikkje av nokon i familien, men frå verdscupen i klippestuping som gjekk av stabelen eit par km frå der vi bodde.

fredag 6. juli 2012

Drotningviga 6. juli - Nederlag og triumf


Etter ein lang og innhaldsrik dag i Dyreparken, som veksla over til intenst regnvêr på heimturen, måtte vi bite i graset; "Heile familien på stranda"-bad lot seg ikkje gjennomføre. Mamma og Pappa fikk til slutt barnevakt og kunne ta ein badetur i øs pøs regn ein halvtime før midnatt. Da var Drotningviga einaste staden vi kunne finne fram til i mørke. Men badet vart bra på sin måte. Forfriskande, og ein føler seg litt tøff etterpå.

torsdag 5. juli 2012

Drotningviga 5. juli

Vi koste oss i sanden i Drotningviga nok ein dag. Det var ein veldig fin dag. Men i morgon går vi uansett for ein ny badeplass.

onsdag 4. juli 2012

tirsdag 3. juli 2012

Drotningviga, Grimstad 3. juli - Det bløde Sørland



Etter ein biltur som starta i steikande sol i Oslo feira vi Mammas bursdag med eit regnfullt bad i 15 graders sørlandshav. Hmmm... Har vi valgt riktig feriemål?

Vis Drotningviga i eit større kart

mandag 2. juli 2012

Vesle-/Lilletjern 2. juli


I dag testa vi ein for oss ny badeplasss, Vesletjern/Lilletjern på Ammerud. Vi parkerte ved idrettshallen ved Apalløkka skole og valgte næraste badeplass, som er ei steintrapp i søraustlig ende av vatnet. Det er også fleire badeplassar rundt vatnet, og ei flytebrygge midt uti. 17 grader, grumsete vatn.

I morgon reiser Badebloggen til sørlandet, så dei neste dagane blir det fokus på badeplassar i Grimstad-området.

Vis Lilletjern / Vesletjern i eit større kart

søndag 1. juli 2012

Slengtauet 1. juli - Trening


Etter ein treningstur med kidsa sovande i vogna passa det bra å slenge innom slengtauet igjen og feire juli. Men temperaturen i elva kjennes framleis mest ut som mai.