lørdag 30. juni 2012

Åmotdammen, Rælingen 30. juni - Utanbys


Det var på tide med eit utanbys bad. Etter at vi var i L sin bursdag var det naturleg med eit kortreist bad i distriktet. Åmotdammen er stor og har fleire moglege badeplassar. Vi valgte den første og beste, med ei lita sandstrand og ein bergknatt det gjekk an å hoppe frå. Temperaturen var ikkje mykje å skryte av; 15,5.


Vis Åmotdammen i eit større kart

fredag 29. juni 2012

Nydalsdammen 29. juni - Yr

Striregnet tok ei pause med lett yr i det vi ankom Nydalsdammen i dag. I anledning at Pappa gjekk ut i sommarferie tok vi kvart vårt hopp. Ferie for heile familen satsar vi på vil føre til større variasjon i badeplassane framover. Følg med!

I det vi drog møtte vi ein mann med langt hår og skjegg som hadde gløymt badebuksa si, men det stoppa ikkje han frå gjentatte hopp frå stupebrettet.

torsdag 28. juni 2012

Sognsvann, sandstrand 28. juni - Brrr


På tide å besøk Sognsvann igjen, i dag saman med D og M. I det vi kom forsvann sola bak skyene, og ein kjølig vind gjorde det litt hustrete, sjølv med respektable 17 grader i vatnet. Kald vind var likevel ingen problem for dei yngste. Storesøster og M kosa seg med utallige turar ut i vatnet.

I det vi pakka saman for å dra, kom sjølvsagt sola tilbake for fullt...

onsdag 27. juni 2012

Nydalsdammen 27. juli - Ny trippel


Temperaturen i elva tar seg opp. I dag låg den midt mellom 17 og 18 grader på termometeret, og det var fleire enn den harde kjernen som lot seg friste til ein dukkert. K og M var med oss idag igjen, i tillegg til diverse andre ukjente badevener.

Storesøster ville hoppe saman med Mamma igjen, denne gongen litt lavare. Klagde sterkt og intenst over vatn i nasen med ein gong etterpå, men var ellers godt fornøgd.

mandag 25. juni 2012

Nydalsdammen 25. juni - Hopping


Etter nok ein lang dag med mykje på programmet kom vi oss avgarde heile familien til eit kveldsbad i Nydalsdammen i nitida.

I dag testa også Storesøster og Mamma ut stupebrettet - samtidig. Etter at det første sjokket hadde gitt seg synes Storesøster det var veldig stas å ha hoppa og dykka med Mamma.

søndag 24. juni 2012

Slengtauet, Akerselva 24. juni - Kveldssleng


Vi rakk ein sein løpesykkel- og trilletur til slengtauet før (forsinka) leggetid. Veldig forfriskande etter ein lang dag med mykje program.

lørdag 23. juni 2012

Bakken, Malmøya 23. juni - St. Hans-/Jonsokbad


Det er varmare i fjorden enn i elva, og det er lite som slår bading frå ei fin badebrygge med god stige i skinet frå bålet. Brennmanetane heldt seg på tryg avstand.

fredag 22. juni 2012

Nydalsdammen 22. juni - Hat trick

Tredje dagen på rad med bading i Nydalsdammen. I dag hadde vi den store gleda av å bade saman med hyggelige representantar frå familien O-R. Solvarme dagar har også endeleg fått opp temperaturen eit hakk i elva.

torsdag 21. juni 2012

Nydalsdammen 21. juni - Formiddagsbad


Deilig sol og varmt på land, framleis 15 i Akerselva. Pappa fikk seg også eit bonusbad på Malmøya på kvelden, og kan rapportere om at brennmanetane har inntatt Oslofjorden.

onsdag 20. juni 2012

Nydalsdammen 20. juni - Nattbad


Nokre dagar er det ikkje så lett å få badekabalen til å gå opp. Ei stor takk og pakistansk mango til Ø som sat barnevakt slik at vi rakk eit bad i Nydalsdammen i dagens siste time.

(Det er forøvrig høgsesong for pakistansk mango, så løp til din frukhandler og kjøp!)

tirsdag 19. juni 2012

Nydalsdammen 19. juni - Sol og sommar!


Endeleg sol og varme på land! Fleire enn oss hadde slått seg ned på graset ved Nydalsdammen, og vi var for ein gongs skuld ikkje dei einaste som bada.

mandag 18. juni 2012

Brekkedammen 18. juni - Regnbad!


Det måtte kome, før eller sidan: Årets første regnbad. Heldigvis var det relativt varmt og lummert på land.

BE, K og I var med som tilskodarar. Dei skal sjølvsagt bade så snart det blir litt varmare, men det er fortsatt akkurat same temperatur i Akerselva som sist dei var med. I hadde veldig lyst til å bade i dag, men fekk ikkje løyve.

søndag 17. juni 2012

Brekkedammen 17. juni - På den andre sida


Brekkedammen, tilbake igjen! Som ein variasjon prøvde vi den frå vestsida av elva i dag. 15 grader. Vi takkar ikkje nei til eit par-tre ekstra grader snart, både på land og i vatnet.

lørdag 16. juni 2012

Båntjern 16. juni

Skodd for badetur i Marka

Dagens bad tok vi i bunnlause Båntjern. Båntjern har fleire moglegheiter for spenstige sprell. Det går mellom anna ei zip-line over vatnet, men lina mangla noko å halde seg i. (Det skal i følge rykter eksistere eit sykkelstyre til formålet.) Pappa nøyde seg i staden med eit hopp frå startplatforma.

NB! Badebloggen går ikkje god for tryggleiken i konstruksjonen, verken av platform eller "stige". Det er også to slengtau på vestsida av vatnet, som vi ikkje testa i dag. Der kan også vatnet vere noko grunnare, og forholda i vatnet bør sjekkast grundig før eventuell bruk.

Temperaturen i vatnet i dag var 15 grader, og Mamma er litt bekymra for vêrmeldingane dei komande dagane. Men vi har enda til gode å bade i regn, så tvi tvi!

I dag helser vi spesielt til alle som var i M sin treårsdag, og særleg til dei som vurderte å bli med å bade etter festen. Bli gjerne med ein annan gong!

Vis Båntjern i et større kart

fredag 15. juni 2012

Brekkedammen 15. juni


Ein stor velkomstkommite av stokkender møtte oss ved Brekkedammen til eit tidleg kveldsbad i dag. 16 grader i elva, i følge termometeret vårt. Medan vi var der dukka det også opp fleire badarar.

Dagens App-anbefaling er Badetemp, som endelig er oppe og går for sesongen med oppdaterte badetemperaturar. (Den viste forøvrig 15 grader for Brekkedammen, men den målinga var gjort kl 07:30 på morgonen.)

Og til deg som er lei av å lese om Brekkedammen: I morgon skal vi besøke ein badeplasss vi ikkje har blogga om før!

torsdag 14. juni 2012

Slengtauet, Frysja 14. juni - Sleng og ver glad!


Lite tid til lang badeekspedisjon i dag, men slengtauet er rett i høgget og er alltid moro! Bli med neste gong!

onsdag 13. juni 2012

Sognsvann, sandstrand 13. juni - Barnas bad


Mange skuelystne samla seg, på anstendig avstand.

I dag fekk vi med oss K og M på eit bad i Sognsvann. Vatnet har ein drøss med ulike badeplassar. Vi valgte den mest barnevenlege, sandstranda i søraust. Her blir det nok trangare om plassen seinare på sommaren.

M var den mest ivrige badaren av alle i dag, medan K nøyde seg med å brette opp buksebeina. Termometeret viste mellom 16 og 17 grader.

Vis Sognsvann, sandstrand i et større kart

mandag 11. juni 2012

Kapteinsputten 11. juni - Blant abbor og rompetroll


I dag testa vi Kapteinsputten, også kjent som Svartputten, like ved Linderudkollen. Abboren snuste på stortåa, og ekstreme mengder rompetroll leika seg i den litt mudrete strandkanten til Storesøsters begeistring. Kvaliteten på badeplassen vil auke når flytebryggene blir lagt ut. 16 grader i vatnet.

Vis Kapteinsputten i et større kart

søndag 10. juni 2012

Bakken, Malmøya 10. juni - Dåpens bad



Ettersom vi var i dåpsfest på Malmøya i dag, var ingenting meir naturleg enn å avslutte festen på badebrygga på Bakken. Onkel H og Farmor joina den harde kjernen. 17 grader i fjorden.

lørdag 9. juni 2012

Brekkedammen 9. juni - Generasjonsbad


I kveld var vi 3 generasjonar som bada: Storesøster, Mamma, Pappa og Farmor. 15 grader i vatnet.

fredag 8. juni 2012

Nydalsdammen 8. juni - Lunchbad



For å få badekabalen til å gå opp i dag, tok vi dagens bad i lunchen, og dagens lunch ved badet. Akkurat i det vi kom på land kom sola også!

torsdag 7. juni 2012

Nydalsdammen 7. juni - Ettermiddagssol


I dag var det første gong vi testa Nydalsdammen, og den kan absolutt anbefalast, både som bade- og rasteplass i ettermiddagssola. Badeplassen har både stupebrett og ei lita strand. I dag var stranda blitt ei bakevje for pollen og anna grums, så det var mest behagelig å entre vatnet frå stupebrettet, eller rullesteinane langs kanten. Badetermometeret viste16 grader, så temperaturtviklinga i Akerselva går rette vegen.

Det var deilig badevêr i dag, og vi er fornøgd med at vi til no i år har sluppe å bade i regn. Men meldingane ser mørkare ut til veka...

Til alle som lurte på kvar gårsdagens bad fann stad, men som ikkje våga å bruke kommentarfeltet til å tippe, kan vi avsløre at det nok ein gong var Brekkedammen.

Vis Nydalsdammeni eit større kart

onsdag 6. juni 2012

?, 6.juni - Joggebad


Eit liten løpetur snudde med eit bad her i kveld.
Ser du kvar det er?

tirsdag 5. juni 2012

Slengtauet, Frysja 5. juni - Me Tarzan, You Jane


I dag besøkte vi ein av Pappa sine favorittbadeplassar, Slengtauet ved Frysja. I ein liten kulp i Akerselva, eit par hundre meter nedanfor Stillatorget kan ein ha mykje moro. I tillegg til slengtauakrobatikk er det også mogleg å hoppe frå treet.

NB! Undersøk bunnforholda godt før du hopper uti her. Det er over 2 m djupt enkelte stader, men det er også mogleg å treffe steinar, om du slepp deg ned på feil plass. Stuping med hovudet først er ikkje å anbefale.

I dag hadde vi med oss skuelystne BE og I, som har lova å bade når det blir varmare i vatnet. Apropos temperatur: I dag testa vi eit nytt badetermometer frå Clas Ohlson. Termometeret viste i underkant av 15 grader. Vi kjem garantert tilbake hit for nye sprell ved ei varmare anledning!

Vis Slengtauet, Frysja i et større kart

mandag 4. juni 2012

Trollvann Nord 4. juni - Lav vannstand


Vannstanden i Trollvann var så lav at vatnet var delt i to. Vi valgte det første og beste, Trollvann Nord. Stokkender og idyllisk kveldsol, men ekkel gjørmebunn. Lillebror i det medbragte bilsetet var også litt hissig fordi han ikkje fekk bli med uti.

Vis Trollvann, Nord i eit større kart

søndag 3. juni 2012

Ulsrudvannet 3. Juni - Nostalgi og raseri



Ulsrudvannet er et sted Mamma badet mye i barndommen. Temperaturen i vatnet er overraskande høg i forhold til temperaturen på land. Vi valgte å bade nærast parkeringsplassen, og ikkje i den meir familievenlege Tissebukta 100m lenger unna. Veret la uansett ikkje opp til strandliv.

Vi gjekk ellers på ein liten humørsmell med kombinasjonen svoltne barn og dårleg tid. Storesøster ville gjerne dyppast i vatnet, men ikkje med eit smil om munnen. Vi håper vi tar lærdom og satser på å kome tilbake seinare med ein bloggpost med gode tips om bading og barn.

Vis Ulsrudvannet i eit større kart

lørdag 2. juni 2012

Steintrappa, Sognsvann 2. juni - Ein splitter ny badeplass



Etter eit halvt år med redusert vannstand er den nye demninga på Sognsvann endelig klar. Mamma og Pappa testa den nye badetrappa med eit forblåst kveldsbad. Storesøster var litt trøtt og nøyde seg med å bade tåa. Temperaturen var eit hakk bedre enn fjorden i går, men vinden på land gjorde det til ei litt kald oppleving. (Badebloggen lover i framtida å prøve å kunne bidra med meir eksakte temperaturmålingar.)

Steintrappa kan anbefalast for deg som vil ha rask og enkel tilgang til vatnet, og som ikkje er redd for litt merksemd frå alle forbipasserande på vegen 2 meter unna.


Vis Steintrappa, Sognsvann i eit større kart

Bakken, Malmøya 1. juni - Ambisjoner


Badebloggen går med dette ut med sommarens store badeambisjon:

Daglege bad i juni, juli og august.

Netttilgang og andre faktorar kan medføre at bloggpostane for dei ulike bada av og til kan bli nokre dagar forsinka, men vi vil etterstrebe daglege oppdateringar så langt det går.

Første bad i ambisjonsrekka tok vi på ein av favorittbadeplassane våre: Badebryga på Bakken på Malmøya. Denne gongen eit raskt kveldsbad for Mamma og Pappa. Temperaturen i fjorden har dala ein del sidan helga som var, vi anslo den til ca 15-16 grader. Perfekt for eit par raske hopp eller stup frå brygga.

Vis Bakken, Malmøya i eit større kart

Agia Marina - Ei oppklaring

Til dei som har sakna baderapportar frå dei rekordvarme dagane i Oslo i slutten av mai; her er ei oppklaring: I det varmen satte inn som verst drog vi i staden til Kreta for å bade, i den lille charterstripa Agia Marina, vest for Chania. Upåklageleg temperatur i Middelhavet, og heilt ok strand, men ellers lite relevant for Badebloggen. Vi lovar å kome sterkare tilbake i juni!