mandag 30. april 2012

Brekkedammen 30. april - Sesongstart

Etter ein liten diskusjon om det er best å starte badesesongen 1. mai eller før 1. mai, enda vi opp på det siste alternativet. Vi fekk med oss familien O-R, parkerte på Stillatorget og rusla derifrå til Brekkedammen i Akerselva.

Utanom Mamma, Pappa og Storesøster, bada A, W, F, C, L og Ø, og tre ukjente russ - på jakt etter ispinne i lua.

6 grader i vatnet og 12 på land gjorde sesongstarten til ei relativt rask affere, men vi kjem garantert tilbake til Brekkedammen seinare i sesongen.


Vis Brekkedammen badeplass i eit større kart

Velkomen til Badebloggen!

Intensjonen bak Badebloggen er å spre badeglede for oss sjølv og andre, og kanskje få testa ut fleire av Oslo sine badeperler og -moglegheiter. Vi som står bak bloggen er Mamma, Pappa, Storesøster (2) og Lillebror (0), og vi satsar på å få med oss mange badegjestar.